Kursinformasjon

Iron-X Pole Studio tilbyr ulike kurstypar innanfor Pole Dance. Du kan følgja eit kurs over 6 veker, ta privattimar eller få kurs på blåtur eller utdrikkingslag!

~ sjå timeplan ~

Pole fitness-kurs

Polefitness er ein kjempegod treningsform for heile kroppen. I kvar time jobbar me med ulike muskelgrupper slik at ein blir sterkare og meir fleksibel. På denne måten får ein til fleire triks og klarer å utføra dei på ein solid og fin måte. Ein får òg betre holdning. Alt dette nesten utan å tenka over det, nettopp fordi det er so gøy! Tøying, triks, teknikk og styrkeøvelsar er lagt inn i kvar time.

Polefitness er òg ein flott måte å bli tryggare på seg sjølv. I starten kan nokon føla seg litt malplassert, og nokon synes det er ubehagelig å ha lite klær på seg. Dette kjennest raskt betre fordi alle i klassen gjer det same, og etter ei stund får du betre sjølvbilde. Du vil raskt forstår at du treng huda for å henga fast i stanga. Til dømes er det nødvendig å ha på seg hotpants e.l for å klara å sitja i stanga. Du treng ikkje å vera trent, fleksibel eller ha dansebakgrunn for å gå på kurs. Polefitness er for alle!

6-vekers kurs, 1 time per veke: 1695 kr

Privattimar i pole fitness

Eg tilbyr privattimar for dei som ynskjer dette. Her er det kun deg og dine mål i fokus. Privattimer kan taes i staden for kurs, eller ved sida av kurs for å supplera.

1 time: 395 kr

Kurs for utdrikkingslag / blåturer / team building

I utdrikningslaget lærer eg vekk nokre enkle triks som alle kan få til, med litt ekstra fokus på bruden eller brudgommen. Kanskje brura eller brudgommen kan dansa ein liten koreografi for dei andre ved å setja saman triksa som vart lært? Blåturer og grupper som er på team building får eit liknande opplegg men med større fokus på heile gruppa. Her er det mulig å komma med ynskjer om ein har lyst på ein spesiell sang eller tema!

1 time: 2500 kr

Prøvetimar

Dersom du vil testa ut pole fitness før du melder deg på kurs, kan du kontakta meg for å settja opp ein privat prøvetime. Tilbodet gjeld berre for nye kundar

1 time: 200 kr

Kva har ein på seg når ein driv med pole dance?

Dei første gongane kan du ha på deg shorts og singlet, men etter kvart blir det nødvendig å ha på seg sports BH og shorts/hotpants. Dette er fordi ein brukar huda for å få feste i stanga. Ha gjerne på deg joggebuksa til å bruka under oppvarming og tøying.

Unngå bruk av håndkrem/bodylotion samme dag som du skal trena pole. Desse produkta gjer det svært vanskeleg å få grep. Ta av ringar og kroppspiercingar før timen då desse kan skada stengene.